Det spirer i vindaugskarmen

Minidrivhusa gjer jobben. No kjem spirene på rekke og rad.

Ikkje uventa er det squashen som kjem først. Berre seks dagar etter at frøa blei sådd, er to av tre squashplanter på god veg oppover.

Det er også spor av liv i radene med salat og blomar. Det same gjeld minimelonen. I tillegg har det vakse opp nokre tynne stenglar, som ikkje ser ut som plantene eg har sådd. Truleg er det berre ugras, men eg gjev det nokre dagar før eg konkluderer, for å vera på den sikre sida.

Dagen etter at eg sådde desse frøa, fekk eg også sådd ein del månadsjordbær, som står i eit anna minidrivhus i stova. Desse treng derimot ein god del lenger tid før dei spirer. Til gjengjeld gjev plantene bær gjennom heile sommaren, når dei først veks opp.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s