Plutseleg blei det vår i hagen

Friske skot på frukttrea og haglskot på terasseputene. Denne våren har jaggu fått ein rar start.

Det er lite som er meir oppmuntrande enn å sjå at hagen vaknar etter vinteren. Frisk vårluft, varme vårdagar og blomar, urter og frukttre vitnar om at det går mot sommar.

Men så var det det vêret då. Nett då me var klare til å begynna å så direkte ut i pallekarmane, fekk me natt etter natt med minusgrader, og dagar med haglskurer så kraftige at dei kunne tatt knekken på dei mest robuste grønsaksspirer.

Flaks for oss at me ikkje har hatt tid til å så ute enno!

Då er det fint med alt det som veks og gror av seg sjølv, utan særleg innsats frå vår side. Som til dømes aspargesen, som kjem igjen år etter år.

bilde (56)

Eller ripsbuskane, som ser ut til å gje oss ein god bærhaust i år-

bilde (57)

Eller engkarsen, som dei fleste ser på som ugras. I hagen vår er det ein kjærkomen blom, som dessutan funkar godt i maten.

bilde (58)

 

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s