Beten har overlevd vinteren

img_1483

Ein liten runde i hagen etter jobb  i dag, resulterte i dette biletet frå pallekarmen der eg sådde bete i fjor.

På grunn av ein litt skral kropp, kombinert med mykje regn og sniglar, blei det knapt gjort noko i kjøkenhagen i fjor, etter at frøa var sådd. Dermed blei det meste ete opp av sniglane før det fekk veksa opp, medan andre planter tydelegvis har klart seg godt.

Som beten, som har vakse seg stor og tjukk før vinteren kom, og no ligg der som eit tydeleg vitne om kor lite eg fekk gjort i kjøkenhagen i fjor sommar og haust. Det fine med det er at eg no kan så endå litt meir bete i år, med godt håp om at ikkje sniglane stikk av med heile avlinga.

Dei som ligg igjen no er nok så skadde av frost og andre svoltne småkryp at dei neppe kan etast. Det blir nok heller nytt liv i komposthaugen, tenker eg.

Elles er det nokre laukar som blei liggande i jorda, som no har kvikna til, og begynner å få nytt, grønt lauv. Om eg bøyer meg heilt ned, går det òg an å sjå at det er ting på gang i rabarbraseksjonen.

Betre vårteikn enn det skal du leita lenge etter.

Advertisements

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s