Historia om eit vakkert tre

Rabarbra

… og ei rot som aldri ville gje seg. Ikkje før no.

Heilt sidan me flytta inn i huset for godt og vel fem og eit halvt år sidan, har det vore ein ting i hagen som har irritert meg.

Medan eg kutta ned på tre og buskar som me ikkje vill ha, og planta nye, matnyttige planter, var det heile tida eitt tre eg aldri klarte å bli kvitt.

dag13 stamme

Eller, eigentleg var det ikkje eit tre. Treet – ei nydeleg blodlønn som stod der tidlegare – var nemleg fjerna før me overtok. Men rota til treet, den stod der framleis, stor og stygg og akkurat litt for vanskeleg å få vekk.

I løpet av desse åra har eg prøvd meg på ulike knep for å komma rota til livs. Eg har brukt øks og sag, utan hell. Eg har brent svære bål over rota, utan at ho brenn vekk av den grunn. Eg har slått spikrar inn i veden, og tømt på med eddik.

bålet

Kanskje var det edikken som gjorde susen? Det er ikkje godt å seia. Men no i vinter har i alle fall rota gjeve tapt. Veden er blitt nesten som eit stykke pulled pork, og det er ingen problem å pitla ho i bitar, som kan kastast vekk.

Dermed er historia om blodlønna, og rota som aldri ville sleppa taket, slutt. No står berre rabarbraen igjen, som eg sette der for å skjula den stygge rota.

img_1493

 

Advertisements

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s