Berre paprikaen og grønkålen spirer

FullSizeRender (11)

Etter halvannan månad, er det berre å konstatera at mesteparten av frøa eg har sådd aldri kjem til å spira.

Det gode utvalet med frø som eg sådde i slutten av januar, har på ingen måte gjeve det resultatet eg håpa på. Medan fire plantar med spiss paprika ser ut til å klara seg bra, og det spirer i to av pottene med grønkål, har det ikkje skjedd noko som helst i resten av pottene.

Eller, noko har skjedd. Det har komme noko ugras i ei potte, og molda har begynt å mugla i nokre av dei andre.

Det som skulle bli 30 planter, som etter kvart skulle plantast ut i drivhuset og kjøkenhagen, ser no altså ut til å bli seks.

fullsizerender-3

Det er det berre ein ting å gjera med. Dei seks plantene som har spirt, skal få nye, større potter å veksa vidare i, og såkaret må fyllast med nye frø.

Sist brukte eg frø som har lege i kjellaren nokre sesongar. Det tar eg ikkje sjansen på ein gong til, så denne gongen sprettar eg dei nyinnkjøpte frøa som me fekk i hus for nokre veker sidan.

Så får me berre venta og sjå. Heldigvis er det enno ei stund til det blir skikkeleg vår ute, så dei nye frøa rekk å spira i god tid før utplanting.

Advertisements

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s