Rapport frå dagens skippertak

Nokre effektive timar i det halvfine vårvêret resulterte i dag i ein ny runde med såing, i tillegg til ein god runde med opprydding i hagen.

Sidan det ikkje gjekk heilt etter planen då eg sådde tidlegare i år, har eg i dag sådd ein ny runde med frø, som etter planen skal flyttast ut i drivhuset når det blir litt varmare.

Denne gongen har me sådd: Granateple, tomatillo, physalis, graskar, chili, piemento de padron, gojibær og sitrongras.

I tillegg har eg flytta dei fire plantene med spiss paprika og den eine grønkålen over i litt større potter, som no har flytta inn i stovevindauget medan dei nye frøa får stå på kjøkenbenken.

Ute har ungane hengt opp eit lite insektshotell, medan eg har reinska opp i halvparten av pallekarmane. Aspargeskarmen har også fått seg eit godt lass med kumøkgjødsel.

Som om ikkje det var nok på ein dag, har eg rydda litt i bringebæråkeren. Der har eg fjerna dei gamle greinene, slik at det no blir plass og luft og lys til dei nye som skal fyllast med deilige bær i sommar.

Advertisements

2 thoughts on “Rapport frå dagens skippertak

    • Ja, det blir kjekt å sjå kva som kjem ut av dette til slutt. Eg trur det skal gå heilt fint å så squash inne no, så kan du eventuelt setja dei ut når det blir litt varmare.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s