Årets finaste dag i hagen

IMG_1748

Den finaste dagen så langt i år har blitt brukt til å gjera mykje bra arbeid i hagen.

Langfredag viste seg verkeleg å bli ein lang – og ikkje minst fin – dag i år. Med sol frå klar himmel, var det nesten sommartemperatur i hagen. Dermed var det duka for ein god porsjon hagearbeid, for både små og store.

Medan mor i huset reinska opp jordbærpallekarmane, fekk eg sådd sukkererter langs gjerdet mot naboen. Me fekk også rydda opp i resten av pallekarmane, slik at dei blei klare til å bli sådd i.

Halvparten av dei klargjorte karmane står framleis tomme. Det me sådde i dag, var vårlauk, squash, gulbete, polkabete og blomar som kan etast.

Dessutan spelte me dart, fanga insekt og drakk kaffi.

Dersom det held fram på denne måten, kan det bli ein verkeleg god sommar i hagen. Me kryssar fingrane.

Advertisements

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s