Potetbrød med skvallerkål

No er skvallerkålen klar for hausting. Dermed startar ugrassesongen på kjøkenet.

Ei av dei aller første råvarene som dukkar opp om våren, er skvallerkålen. Det forhatte ugraset pressar seg fram over alt der det finn litt jord, og er heilt håplaust å bli kvitt. Heldigvis kan det etast.

Her kan du lesa kva eg har skrive om skvallerkålen som ugras og råvare tidlegare. I dag har eg tenkt å nøya meg med å dela ei ny oppskrift.

Eller, strengt tatt er det to oppskrifter, der den andre er ei tilpassing av den første. Ei utan og ei med ugras på råvarelista.

Den første oppskrifta er eit nydeleg potetbrød, som kan brukast til litt av kvart. Her på kjøkenet har dette mellom anna blitt ein favoritt som pizzabotn.

Det er noko med deigen, når ein del av mjølet blir erstatta av potet, som gjer at det blir veldig mykje mjukare. Og veldig godt.

 

POTETBRØD

Ingrediensar

  • 1 kg kveitemjøl
  • 500 gram kokt potet
  • 50 gram gjær
  • 5 dl vatn
  • ½ ts salt

Framgangsmåte

  • Mos potetene og ha potetmosen oppi bakebollen til kjøkenmaskinen saman med vatnet. La maskinen gå nokre rundar, så det blandar seg.
  • Ha oppi det tørre, og la maskinen gå til deigen blir smidig og fin. Hald igjen litt av mjølet, til du ser kor mykje som trengs.
  • La deigen heva til dobbel storleik, før du deler han opp i passe store emne.
  • Kjevl ut deigen og legg på steikebrett. Steik i omn på 250 grader. Legg dei ferdigsteikte botnane på ei rist, om du ikkje skal servera dei med ein gong.

 

Og så kjem vrien, som gjer at denne oppskrifta er aktuell no om våren. For sjølv om brødet er godt i seg sjølv, gjerne som tilbehør til ei suppe eller ein gryterett, er det også fleire andre måtar å nytta seg av dette deilige brødet.

Som nemnt funkar det supert som pizzabotn. Då smører du berre på saus og ost, og det du eventuelt vil ha av topping, på botnen før steiking.

Eller du kan smøra på ein urtepure, og eit lite dryss med havsalt, sånn som eg har gjort her. Eg har brukt ein handfull kruspersille, litt rosmarin, og ein bakebolle med fersk skvallerkål frå hagen, i tillegg til litt olje og to fedd kvitlauk.

Køyr ingrediensane til ein jamn pure med stavmiksaren, og smør den grøne smørja utover deigen før steiking. Dryss gjerne over litt parmesan, om du har det liggande. Nokre soltørka tomatar gjer seg også godt.

Og er du i det hjørnet, serverer du det heile med litt god spekeskinke og eit glas raudvin. Det er jo trass alt helg.

PS: Fått med deg at eg gjev ut kokebok i haust? Det kan du lesa meir om her.

Advertisements

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s