Dei siste frøa er sådd

FullSizeRender (20)

Her er lista over plantene me har sådd i år, og me kan trygt slå fast at det er den mest ambisiøse til no.

Etter ein dårleg start på året, der berre fire paprikaplanter og ein grønkål overlevde, har me den siste tida sådd litt av kvart, både inne på kjøkenet og ute i kjøkenhagen.

Det er enno for tidleg å seia noko om korleis dette vil gå, og kva som vil spira og overleva. Sjølv om det er nydelege vårdagar for tida, er det trass alt framleis fare for frost om natta.

Men i alle fall: Dersom ein del av dette går bra, har eg strent tatt ikkje tenkt å så meir i år. Her er det me har sådd til no:

Inne på kjøkenet

  • Tomat
  • Pæretomat
  • Gul tomat
  • Busktomat
  • Sukkermais
  • Minimelon
  • Squash
  • Piemento
  • Chili
  • Gojibær
  • Granateple
  • Sitrongras
  • Physalis
  • Tomatillo

Ute i kjøkenhagen

  • Vårlauk
  • Raudlauk
  • Sukkererter
  • Gulbete
  • Polkabete
  • Bladbete
  • Gulrot
  • Pastinakk
  • Ruccola
  • Plukksalat
  • Reddik
  • Rosenkål
  • Fennikel
  • Spinat
  • Blomar
Advertisements

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s