Bakte rotgrønsaker

FullSizeRender (26)

Med ei langpanne som dette, treng du verken tenka på ris eller poteter eller så mykje anna. Og best av alt: Det funkar til det meste.

Denne oppskrifta er like enkel som ho er genial. Og bortsett frå litt skrelling og kutting treng du ikkje tenka på noko som helst.

Om du ikkje treng fisk eller kjøt til middag, kan denne retten serverast som han er, utan noko meir fiksfakseri. Eller du kan bruka dette som tilbehør, slik eg likar det best.

Det fine med denne måten å laga mat, er at alt går i same forma. Det likar eg. Når grønsakene først er skrelde og kutta opp, gjer resten seg sjølv, så eg kan gå ut i hagen og kasta piler og drikka kaffi i mellomtida.

Oppskrifta gjev nok tilbehør til om lag seks vaksne, passe svoltne, personar.

 

Bakte rotgrønsaker

Ingrediensar

  • 8 blå poteter
  • 2 raudbetar
  • 2 polkabetar
  • 2 kvitbetar
  • 4 lauk
  • 6 gulrøter
  • 1 pose spinat
  • 1 handfull sukkererter

Framgangsmåte

  • Skrell betane, gulrøtene og lauken og kutt dei opp i høvelege bitar.
  • Kutt opp potetene med skal på, og fordel potetene og dei andre oppkutta grønsakene i ei langpanne.
  • Strø på litt salt og pepar, og ein skvett med olje, før du blandar alt godt.
  • Steik i omn på 250 grader i om lag 40 minutt.
  • Del sukkerertene i to, og legg sukkeretene og spinaten i langpanna med resten av grønsakene, før du lar det stå fem minutt til i omnen.
  • Server grønsakene rykande varme, rett frå panna.

 

Advertisements

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s