Her er årets første løvetann

Vil du helst at plenen skal vera jamn og fin og grøn og omtrent like keisam som ein kunstgrasbane? I så fall treng du ikkje lesa vidare.

For her skal det handla om løvetann. Det viljesterke ugraset som alle har eit forhold til. På godt og vondt, kunne eg lagt til, men for dei fleste er det vel mest vondt.

Når sant skal seiast synest eg løvetannen har fått eit ufortent dårleg rykte.

Greitt nok at det er vanskeleg å vaska vekk flekkane når ungane får den kvite gugga frå innsida av stilken på kleda, og at løvetannen har ei skremmande tiltrekkingskraft på sniglar. Akkurat det kunne eg klart meg utan, men det finst nok av populære planter som har verre eigenskapar enn det.

Ta skvallerkålen, til dømes. Den er også matnyttig, men er trass alt mykje verre å bli kvitt enn nokre løvetannplanter. Eg forstår at det får pulsen til å stiga når skvallerkålen dukkar opp der hageeigaren ikkje har tenkt at han skal vera.

Men løvetann?

Nei.

Tvert om kjente eg at eg blei litt glad då eg fann årets første løvetann i blom i ettermiddag. Om få dagar vil heile hagen – eller i alle fall den litt nedprioriterte randsona – vera gul av søte kronblad.

For det er ikkje berre biene og dei andre insekta i hagen som nyt godt av løvetannavlinga. Det er mykje god mat i løvetann, også for menneske.

Tidlegare har eg laga ein deilig løvetannsirup, og har også brukt dei ferske blada i salat. I år er ambisjonen å finne nokre nye, gode måtar å bruka løvetannen før det er for seint.

Men det gjeld å vera litt på hogget. Før du veit ordet av det, står løvetannen igjen som eit luftig ønskebær, klar til å sleppa frøa med vinden.

Då er det for seint.

Legg gjerne igjen eit vink i kommentarfeltet, om du har gode tips til kva løvetannen kan brukast til!

PS: Fått med deg at eg gjev ut kokebok i haust? Det kan du lesa meir om her.

Advertisements

One thought on “Her er årets første løvetann

  1. En sau som har hatt en slitsom fødsel, våkner veldig kvikt til liv igjen hvis man gir den løvetann 🙂

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s