Ein liten rapport frå vindaugskarmen

FullSizeRender (30)

Medan det høljar ned ute, og det enno ikkje har begynt å spira i dei nye såkara på kjøkenet, er det kjekt å sjå kor bra det står til med paprikaplantene som overlevde første sårunden tidlegare i vinter.

Sjølv om det berre er tre planter på bildet, står det no fire potter med paprika her, som veks merkbart frå dag til dag. Om ikkje veldig lenge vil plantene trenga nye potter, og ikkje så lenge etter det igjen er håpet at det snart vil dukka opp frukt.

Det blir spennande. Og ikkje minst trur eg det vil bli litt kjekt for ungane, sidan det er litt uvanlege paprikasortar me har sådd. I staden for den vanlege raude, har me nemleg sådd svart og gul spisspaprika – som i alle fall ikkje finst i sortimentet til butikkane me handlar i til kvardags.

I tillegg til dei fire pottene med spisspaprika, står det også ei potte med grønkål i eitt av dei andre vindauga, men der står det ikkje fullt så bra til. Stilken er spinkel, og blada har begynt å visna.

Men kven bryr seg vel om det, når paprikaen trivst så godt? I alle fall ikkje eg.

 

Advertisements

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s