Dropp den reddiken

ruccolablom

All erfaring tilseier at dette er verdas beste tips, om du har tenkt å prøva deg med urter og grønsaker.

Dei siste åra har eg fått ein del spørsmål frå folk som planlegg å laga seg ein liten kjøkenHage. Det treng ikkje vera store flekken. Nokre skal berre ha eit par potter på terassen, medan andre har større planar for hagen.

Spørsmålet alle stiller, er kva dei bør begynna med. Og svaret mitt er alltid det same.

Det som gong på gong overraskar meg, er kor overraska folk blir av svaret, endå så opplagt det er. Det er rett og slett litt fascinerande.

For svaret er ikkje reddik.

Det er heller ikkje gulrot eller salat eller sukkererter.

Forstå meg rett, det er ingenting i vegen med nokon av desse grønsakene, og du må gjerne så dei i hagen, om du vil. Men ikkje fordi det er det første du kjem på, og i alle fall ikkje fordi det er lurt.

Mi erfaring er nemleg at dette er oppskrifta på å mislukkast.

Kanskje får du reddikane til å spira, og kanskje blir det god avling. Men så, når du kjem til punktet der du skulle ha hausta avlinga, kjem du på at du eigentleg ikkje synest reddik er noko godt. Når du tenker etter, likar du faktisk ikkje reddik i det heile.

Kanskje er du ikkje spesielt glad i gulrot heller.

Og salat, er ikkje det sånn du gjev til kaninene?

Som sagt er poenget mitt ganske opplagt: Dersom du dyrkar mat du ikkje gler deg til å eta, har du heller ingen grunn til å følgja opp det du har sådd.

Så kva bør du så?

Spør du meg, er svaret enkelt: Så noko du likar. Noko du kan gle deg til å hausta, slik at du får motivasjon til å stella litt med plantene, og helst haustar det du har fått til å veksa akkurat litt før tida, berre fordi at du ikkje klarer å venta.

Om det er mais eller agurk eller graskar eller ein heilt spesiell type chili, er nett det same. Berre prøv!

Blir det fiasko, kan du berre prøva igjen. Då har du kanskje lært noko undervegs, som gjer at du lukkast neste gong.

Men du har i alle fall ikkje mista motet, fordi du til slutt innsåg at du har dyrka noko som uansett endar opp som kompost.

PS: Fått med deg at eg gjev ut kokebok i haust? Det kan du lesa meir om her.

Advertisements

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s