Del 2: Menneske mot naturen

FullSizeRender (1)

Det spirer i kjøkenhagen. Det er tid for å testa første våpen i kampen mot sniglane.

Som eg var inne på tidlegare, har eg eit mål om å få endeleg bukt med snigleplaga denne sommaren. Eller, om eg ikkje vinn kampen for godt, er eg i alle innstilt på å gjera det eg kan for å redusera problemet betydeleg.

For å finna den beste måten å kvitta seg med dei innpåslitne sleipingane, testar eg ulike måtar, og prøver å sjå kva som funkar best.

Frå før har eg strødd ut Ferramol. Dersom den verkar slik han skal, tar han knekken på apetitten til sniglane, slik at dei grev seg ned og døyr. Det er altså ingen måte å sjå om det er noko direkte verknad av Ferramol-bruken.

Dagens sniglevåpen – kaffigrut – trur eg skal vera litt lettare å måla verknaden av. I motsetning til Ferramolen, skal ikkje kaffigruten drepa sniglane. Det skal berre få dei til å halda seg unna.

For å vera ærleg anar eg ikkje korleis ein best nyttar dette våpenet, men eg har i alle prøvd å legga eit godt lag med grut langs innsida av den eine pallekarmen der det er mest som har spirt til no. I tillegg har eg strødd litt grut utover molda i resten av karmen.

Håpet er at det ytste laget skal fungera som ein slags buffer, slik at spirene som no kjem opp får leva i fred, så dei kan veksa seg store og deilige.

Elles er det verd å merka seg at ein god del av frøa eg har direktesådd ute midt i april, no altså spirer. Kanskje var det ikkje for tidleg likevel, slik eg var inne på i innlegget om såtemperatur i hagen?

PS: Fått med deg at eg gjev ut kokebok i haust? Det kan du lesa meir om her.

Advertisements

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s