No er rabarbraen på sitt beste. Her er mine beste rabarbraoppskrifter.
Det er litt høgtid over det hos oss, når det nærmar seg det første rabarbramåltidet. Eller noko måltid er det sjeldan snakk om. Dei første stilkane nøyer me oss med å dyppa i sukker.
Men ikkje i år. For første gong har eg sagt til ungane at dei må la rabarbraen vera i fred. Ikkje fordi eg ikkje unnar dei rabarbra om våren, men fordi eg og fotograf Marius skal ta rabarbrabilete til Digg-kokeboka neste veke, og då treng me alt me har av rabarbra
Så sånn blir det her i år. Eller i alle fall i vår. Om ein månads tid veks rabarbraen opp igjen, og då skal ungane få sleppa seg laus.
For alle dykk som ikkje skal ta kokebokbilete, er det ingen grunn til å venta. Kom deg ut i hagen og haust, og prøv desse deilige oppskriftene:
Råsaft av rabarbra
Ingrediensar:
- 4 kg rabarbra
- 4 liter vatn
- 5 kg sukker
- 75 gram vineddik
Sånn gjer du det:
- Vask rabarbraen, og kutt i bitar.
- Ha alt i ein balje.
- La det stå i tre døgn, men rør i baljen av og til.
- Sil av, og sett safta kaldt.
- Sidan dette er råsaft, må safta frysast om du ikkje er veldig hard på flaska og drikk opp alt i ein fei.
Safta bør blandast med vatn før konsumering. Blandingsforholdet er ein smakssak, men eg har landa på at 1:3 gjev ein passe frisk og søt læsk for varme sommardagar. Helst med isbitar. Nyt sommaren!
Marinert rabarbra med marengs og mascarpone
Bakgrunnen for heile retten er råsafta av rabarbra, som etterlet seg store mengder sukkermarinerte rabarbrabitar då ho var ferdig.
For å laga denne retten treng du:
- Ei god skål rabarbra, delt i bitar og marinert i sukkerlake.
- Ein pose marengs.
- Ein boks mascarpone.
- Litt vaniljeyoghurt.
- Nokre sitronmelisseblad.
Og sånn gjer du det:
- Knus marengsen.
- Pisk mascarponeosten luftig, og bland inn yoghurten.
- Legg lagvis rabarbra, marengs og krem eit par gonger.
- Server med sitronmelisse på toppen.
Muffins med rabarbra og vaniljekrem
Du treng:
- 100 gram margarin
- 150 gram sukker
- 3 egg
- 150 gram kveitemjøl
- 1,5 ts bakepulver
- 0,5 dl mjølk
- 2 gode stilkar med rabarbra
- Vaniljekrem
Sånn gjer du det:
- Pisk margarin og sukker kvitt.
- Bland inn egga.
- Ha i mjølka og det tørre og bland røra.
- Fordel røra i 12 muffinsformer.
- Skrell og kutt rabarbraen i passe små bitar, og fordel rabarbraen over muffinsane.
- Legg ei matskei med vaniljekrem oppå kvar muffins.
- Steik midt i omnen på 175 grader i om lag 20 minutt.
Rabarbrasuppe med jordbær og is
Du treng:
- 350 gram rabarbra
- 1,5 dl sukker
- 1 liter vatn
- 1/2 vaniljestang
- 1,5 matskei potetmjøl
- Nokre jordbær
- Vaniljeis
Sånn gjer du det:
- Skrell rabarbraen og kutt stilkane i bitar på eit par cm.
- Kok opp vatn med sukker og vaniljestang.
- Ha rabarbraen oppi sukkerlaken, og la det koka svakt i fem-ti minutt til rabarbraen er mjuk og mør.
- Rør ut potetmjølet i litt vatn, og ha det oppi suppa. Ta suppa av plata når det har fått eit kjapt oppkok.
- Avkjøl.
- Server suppa med jordbær og vaniljeis.
Sinte bondepiker
Dei fleste kjenner godt til den tradisjonelle desserten “tilslørte bondepiker”, med eple, krem og strø. Her er oppskrifta på dei tilslørte bondepikene si ublide stesøster.
For å laga sinte bondepiker treng du:
- Eit halvt kg rabarbra
- Litt vatn
- 3 matskeier sukker
- 1 kanelstang
- Ein skvett kremfløyte
- Nokre kavringar
- Eit dryss sukker
- Nokre heile peparkorn
Sånn gjer du det:
- Kok opp bitar av rabarbra i litt vatn, sukker og kanelstang til rabarbraen er mør og fin. Sett kaldt.
- Knus kavringane og peparkorne i ein mortar, og steik på middels varme saman med eit dryss sukker til det er blitt gyllent og karamellisert. Legg strøblandinga på eit bakepapir til avkjøling, og pass på at det ikkje blir for store bitar. Om det skulle skje, kan du knusa strøet litt i mortaren igjen før servering.
- Pisk krem.
- Server desserten lagvis i gjennomsiktige glas. Det blir finast sånn.
PS: Fått med deg at eg gjev ut kokebok i haust? Det kan du lesa meir om her.