Ein ny vår i drivhuset

FullSizeRender (4)

Orgelet gav tapt i vinter. Dermed fekk eg plutseleg veldig god plass i drivhuset.

Fjoråret blei ein dårleg sesong i drivhuset. Tidleg på våren knuste eg ei rute, då ein stein fauk frå plenklypparen og bort i drivhuset. Då eg skulle rydda vekk det knuste glaset, blei den skakke ryggen min plutseleg dårleg, noko som i praksis sette punktum for heile kjøkenhagesesongen.

No ser alt derimot mykje lysare ut. I løpet av helga er alle dei gamle planterestane, og ikkje minst glasbråtet og eit øydelagt orgel, flytta ut, slik at det blei god plass til årets avling.

Alle spirene og plantene som til no har stått inne på kjøkenet, har no flytta ut i drivhuset, der dei skal bu fram til hausten.

Men det kan ikkje berre vera planter der, heller. Snart flyttar me nok inn igjen litt av møblane, så me i alle får oss ein kaffikrok der inne. Så får me heller plystra litt for plantene, no når orgelet er vekke.

Det blir bra!

Advertisements

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s