Denne veka har eg tatt fri for å jobba med bøkene eg skal bli ferdig med før sommaren. Men dersom dette vêret held fram, spørst det kor mykje eg får gjort.
Etter planen kjem eg ut med to bøker i haust: Kokeboka Digg, som du kan lesa meir om her, og mi andre ungdomsbok.
For å få litt tid til å jobba med desse manusa før sommaren kjem for fullt, har eg tatt fri frå dagjobben min som journalist denne veka.
Det eg ikkje hadde planlagt, var at dette skulle bli den flottaste vårveka me kunne tenka oss, med strålande sol og tilnærma sommartemperaturar.
Det er rett og slett ein liten strek i rekninga. Rett nok er det ein veldig kjekk strek – og for all del; eg klagar ikkje – men det er ein viss sjanse for at det går litt utover den planlagde bokjobbinga.
I staden – eller i alle fall i tillegg – får eg no gjort ein del i hagen, som for alvor begynner å bli vår- og sommarklar. Dessutan går eg til fjells, tar meg kanskje ein liten båttur, og drikk rikelege mengder med kaffi.
Det er ikkje lite berre det.
Hei 🙂 hva har du direkte sådd i jorda no?? Slite litt m å veta kva eg putta når 😂😂😂 forsteårsgartnar 🙂 lol 🙂 sitte i kjøkkenhagen min no og ser på kyllingene våre som lufter seg ✌🏻️ For ei veke!!! Nyt dagane.
Helsing Diana Ousdal
Her er oversikt over alt eg har sådd inne og ute i år: https://hagetilmage.wordpress.com/2017/04/16/dei-siste-froa-er-sadd/ Det aller meste ute har begynt å spira, men eg har så langt ikkje sett livsteikn frå gulrot og pastinakk. Kanskje denne veka endeleg får opp farten på dei òg? Her skal det i alle fall nytast.
Ja då skal eg jaggu ta sjansen å planta sukkerertene eg og 🙂
Ja, det må du berre gjera. Her kom dei første sukkerertspirene opp av bakken i går.