Frøa har overlevd kulda

Dette er ei gladmelding til alle dykk som gjorde som meg, då eg starta årets direktesåing i midten av april.

For nesten ein månad sidan skreiv eg om tidleg såing, og faren for at eg kanskje hadde kasta vekk alle frøa med å få dei ut i jorda medan det framleis var altfor kaldt.

No er konklusjonen klar. Etter ein dryg månad i jorda, har dei aller fleste frøa komme opp av bakken, og klarer seg svært godt.

Dei einaste plantene eg enno ikkje har sett noko til, er gulrøtene og pastinakken som eg står i den same pallekarmen. Desse frøa har eg også sådd litt djupare enn resten, fordi eg hadde på litt meir jord etter såing. Difor har eg enno ikkje gjeve opp håpet der heller.

Dersom det viser seg at det ikkje blir gulrot og pastinakk i år, tar eg det uansett ikkje så tungt. Sånn det ser ut no, har det sådd seg sjølv ein heil del agurkurt i den same pallekarmen, så det blir uansett avling.

Utan at eg eigentleg har noko greie på dette, trur eg kanskje at det er ein vesentleg suksessfaktor at eg har sådd i pallekarmar, og ikkje direkte i bakken. I tillegg til å vera veldig godt drenerte, vil dei brune karmane suga til seg varmen om dagen, slik at jordtemperaturen jamt over blir høgare enn i bakken. Trur eg.

Om det er nokon som har greie på dette, må de gjerne skrika ut. Enn så lenge lever eg i trua på at eg har rett – og at eg har fått nok eit argument for å ha kjøkenhagen i opphøgde bed.

PS: Fått med deg at eg gjev ut kokebok i haust? Det kan du lesa meir om her.

 

Advertisements

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s