Alt du treng å vita om Anders Totland

Anders Totland (1986) debuterte hausten 2015 med boka Vampyrane i Eplehagen. Boka er gjeven ut på Kapabel Forlag, og er illustrert av Nina Flatnes Bratbak.

Våren 2016 kom han ut med ungdomsromanen Engel i snøen på Gyldendal Norsk Forlag.

I tillegg har han bidrege med ein av tekstane til antologien Fantasiboka, som kjem ut på Skald forlag hausten 2016. Det er den femte og siste boka i serien av nye, nynorske forteljingar for born, som er gjennomillusertrert av Gunvor Rasmussen.

Totland er utdanna kokk, vikarierer som organist og jobbar til dagleg som journalist i lokalavisa Sunnhordland. Elles skriv han om matauk på bloggen Frå hage til mage, og held med ujamne mellomrom føredrag om same emnet.

kaldestadfestivalen totlandBiletet er frå Kaldestadfestivalen 2015. Til venstre er den vakraste læraren i verda. Foto: Jørn Olav Myhre

For skuleelevar

Her er svar på nokre spørsmål som ofte blir stilt i samband med skuleoppgåver eller særemneskriving. Dersom du ikkje finn du det lurer på her, må du gjerne senda ein epost til totlanders@gmail.com.

Korleis var oppveksten din?

Eg vaks opp på Bømlo i Hordaland, med to eldre brødre og ei veslesøster. Far min er prest og mamma var politikar då eg vaks opp. Tidleg i tenåra flytta me til Husnes i Kvinnherad kommune.

Kva utdanning har du?

Så snart eg kunne, flytta eg til Bergen, der eg byrja som kokkelærling. Eg er altså utdanna kokk, sjølv om eg no jobbar som journalist og forfattar. Eg jobbar også som kyrkjeorganist, og har gjort det sidan eg var 14-15 år. I tillegg har eg vore kapellmeister for ein handfull revyar, og har også jobba som servitør, bartender, dørvakt, lærar og pleiemedhjelpar på sjukehus.

Kor finn du inspirasjon til bøkene dine?

Eg finn mest inspirasjon i menneska rundt meg. Historiene og liva deira; eg slukar alt, og bruker det rått når eg skriv. Når skrivinga stoppar opp, går eg ein tur på fjellet eller på sjøen. Det pleier å hjelpa.

Kvifor skriv du om så triste tema?

Det veit eg eigentleg ikkje. Men eg har alltid vore fascinert av det som er vondt og vanskeleg, sjølv om eg har hatt det veldig fint sjølv.

Er eigentleg hovudpersonen i Engel i snøen ein gut eller ei jente?

Eg anar ikkje.

Skriv du om deg sjølv?

Nei, eg skriv om deg.

Har du tenkt å skriva fleire bøker?

Ja, massevis.

Kva gjer du når du ikkje skriv bøker?

Då gjer eg kjekke ting saman med kona og dei tre ungane mine. Aller helst kokar eg kaffi på bål i skogen. Me bur på Valen i Kvinnherad kommune, der det både er fjord og fjell som me kan boltra oss i.

Kan du komma og besøka oss på skulen?

Sjølvsagt kan eg det. På desse sidene står det informasjon om dei ulike opplegga mine for skulebesøk.