Oppdrag

lars-martin-teigen

FRÅ HAGE TIL MAGE (FOR HAGELAG OG ELLES ALLE SOM ER INTERESSERTE)

Då eg flytta inn i hus med hage sommaren 2011, saman med familien, blei det eit prosjekt: Alt som vaks i hagen, som ikkje kunne etast, skulle vekk. I staden fekk me inn nye frukttre og bærbuskar, og store deler av hagen blei gjort om til kjøkenhage, med urter og grønsaker og anna godt som kan etast. Prosjektet blei dokumentert på bloggen Frå hage til mage, og er også utgangspunktet for foredraget med same namn.

Foredraget varer i godt og vel ein time, og kostar 3.000 kroner pluss reiseutgifter.

Ta kontakt på epost: totlanders@gmail.com eller telefon: 98242002.

 

ENGEL I SNØEN (FOR SKULE, BIBLIOTEK OG INSTITUSJONAR)

Mi første ungdomsbok, Engel i snøen, har blitt svært godt mottatt etter at ho kom ut våren 2016. No har eg laga ei slags framsyning der eg kombinerer høgtlesing med pianospeling. Boka er så kort at eg rekk å lesa gjennom heile boka, og i tillegg spela nokre stemningsfulle tonar, i løpet av ein skuletime.

Opplegget høver godt for skuleklassar frå 7. klasse og til og med vidaregåande. Så lenge det er eit piano i nærleiken, kan eg også gjennomføra dette opplegget for bibliotek og ulike institusjonar, anten det er sjukehusavdelingar eller sjukeheimar.

Eller kanskje dette kan vera noko for konfirmantundervisninga, anten det er i kyrkja eller humanistisk?

Om noko av dette freistar, er du velkommen til å ta kontakt på epost: totlanders@gmail.com eller telefon: 98242002.

Eg nyttar Forfattersentrum sine honorarsatsar, så ei opplesing som dette, som varer i over 30 minutt, kostar 3.200 kroner pluss utgifter til reise. For opplegg i skulen er det eigne prisar.

Sjå her for referansar.

 

DEI VONDE TEKSTANE (FOR SKULE)

Korleis skriv  ein om død og sjukdom, utan å nødvendigvis ha opplevd noko av det sjølv? I dette opplegget for skuleklassar frå 7. trinnet og oppover, tar eg utgangspunkt i mitt eige arbeid med Engel i snøen, og legg opp til aktiv deltaking frå elevane i samtale og diskusjon.

Eg nyttar Forfattersentrum sine honorarsatsar. For ein enkelttime med dette opplegget, kostar det 1.800 kroner (litt meir dersom gruppene er store) pluss utgifter til reise. Eg legg helst opp til å besøka minst to-tre klassar per dag, når eg er ute med dette opplegget.

Ta kontakt på epost: totlanders@gmail.com eller telefon: 98242002.

Sjå her for referansar.

 

VAMPYRAR, PRESTAR OG EIN SKUMMEL FLAKSEFILUR (FOR SKULE)

Ein hyllest til den grenselause barnelitteraturen. Eg tar utgangspunkt i mi eiga barnebok, Vampyrane i Eplehagen, og teksten Fuglen i treet, som eg har skrive til antologien Fantasiboka. Eg kjem også innom andre forfattarar eg sjølv las då eg var unge – og framleis les – med stor glede.

Opplegget passar for heile barneskulen, og blir tilpassa etter kva klassetrinn eg besøker.

Eg nyttar Forfattersentrum sine honorarsatsar. For ein enkelttime med dette opplegget, kostar det 1.800 kroner (litt meir dersom gruppene er store) pluss utgifter til reise. Eg legg helst opp til å besøka minst to-tre klassar per dag, når eg er ute med dette opplegget.

Ta kontakt på epost: totlanders@gmail.com eller telefon: 98242002.

 

Referansar

Har du hatt besøk av meg? I så fall er du hjarteleg velkommen til å senda ei tilbakemelding til totlanders@gmail.com. Tilbakemeldinga vil bli lagt ut her, og kan også bli brukt som referanse i samband med søknader og den slags.