Referansar

Har du hatt besøk av meg? I så fall er du hjarteleg velkommen til å senda ei tilbakemelding til totlanders@gmail.com. Tilbakemeldinga vil bli lagt ut her, og kan også bli brukt som referanse i samband med søknader og den slags.

Siv Rørlien Pettersen og Anne Beate Sunde ved Nysæter ungdomsskule, om “Dei vonde tekstane”:

Anders Totland trefte midt i blinken med presentasjonen av si siste bok, ungdomsromanen «Engel i snøen». Han reklamerte ikkje berre for si eiga bok, men og for lesing generelt og andre forfattarar. Han var både engasjert, avslappa og humoristisk i møte med elevane, og det var kjekt å høyra på. Det var fint med pianospel innåt lesinga frå boka. Forfattaren tok elevane med inn i teksten og stilte spørsmål som fekk dei til å reflektera kring oppbygging av og innhald i teksten. Elevane fekk fleire gode skrivetips. Det var og interessant å høyra om samarbeidet mellom forlagsredaktør og forfattar i prosessen frå manus til ferdig bok. Anders Totland ga oss ei god oppleving som i tillegg passa godt inn i norskfaget.

Bjørnar Withbro, biblioteksjef ved Stord folkebibliotek, om dei to opplegga “Engel i snøen” og “Dei vonde tekstane”, etter besøk hos alle åttandeklassane i kommunen:

Programma var begge gode, og Anders Totland hadde god kontakt med elevane. Boka Engel i snøen høvde godt som grunnlag for eit slikt opplegg. Anders Totland hadde eit godt samarbeid med folkebiblioteket og ansvarleg for Den kulturelle skulesekken på Stord  i forkant av besøket. Eg vonar han kan få nye formidlingsoppdrag  for formidling av bøkene han skriv.