Gladmat 2012 oppsummert

Her står eg saman med bloggaren Whitney Love, Svein Erik Renaa og kona, og juryemann Sigurd Erland. Foto: Liv R. Lassen (ein av dei andre matbloggarane som var med, som har bloggen Mat og Urter).

Plutseleg møtte eg ein fotograf frå heimtraktene

Det var ikkje heilt uventa å treffa kjentfolk i Stavanger denne veka. Men at det skulle dukka opp folk med kamera, som attpåtil har ei nettside å legga bildene på, hadde eg gjerne ikkje trudd. Her kan du lesa kva Husnesnett skriv om møtet vårt i Vågen. Er det no eg skal angra på at…

Gladmatomtale på Husnesnett

«Journalist, kokk, organist, samfunnsvitar og bloggar Anders Totland (26) frå Valen er ein av tre matbloggarar som skal vera med og døma restaurantar og utstillarar under Gladmatfestivalen i Stavanger komande veke – frå onsdag til laurdag,» skriv den lokale nettstaden Husnesnett. Artikkelen til Husnesnett om at Anders Totland skal delta under Gladmatfestivalen i Stavanger finn…