No kan sniglane berre prøva seg

Då eg tok opp all kvitlauken nyleg, hadde eg plutseleg ein ledig pallekarm. Der sådde eg fem squash-planter som villig spirte og dukka opp frå jordskorpa dei neste dagane. Alt var berre velstand, heilt til sniglane oppdaga dei nyinnflytta plantene i pallekarmen.

Aspargesen skyt nye skot

Sjølv om det enno er eit par år til eg kan sleppa laus den store aspargesjubelen, blir eg litt lukkeleg kvar gong eg ser det kjem nye skot i pallekarmen der dei fem aspargesplantene eg kjøpte i vår står. Etter at det dei siste dagane har kome nye skot på to av plantene, har det…

No har det klikka for journalisten

Sånn ser det i alle fall ut, med avispapir i heile kjøkenhagen. Lurer du på kva som liksom skal vera meininga med det, får du beint fram følgja med. Som dei seier på TV: To be continued… Eller så kan du jo prøva å gjetta i kommentarfeltet.