Oppskrift: Omelett, rett og slett

Kan du laga omelett, kan du laga lunsj, middag og kvelds i ein fei. Og det beste av alt er at ulike grønsaker, urter, kjøtsortar osb. gjer at denne enkle retten kan varierast i det uendelege.

Til ein omelett (som kan delast på to litt småetne personar, dersom det blir servert god salat til) bruker eg:

  • To egg, ein skvett mjølk, salt og pepar, alt vispa saman.
  • Ha litt margarin og olje i ei varm steikepanne, og ha over eggblandinga.
  • Når det begynner å stivna, har du det garnityret du ønskjer over halve omeletten. Vent litt, og brett den andre halvdelen over og server. Omeletten på bildet er fylt med spekeskinke, basilikum frå vindaugskarmen og ost, og er servert med tomat og fersk basilikum.
  • Om du vil ha i grønsaker som til dømes blomkål og brokkoli, kan du gjerne ha desse i panna før omeletten, så dei blir mjuke og gode. Om du då har røra over grønsakenem, vil sjølve omeletten bli meir mettande, og treng ikkje salat og slikt. Eit godt middagsalternativ.

Er dette omelettare sagt enn gjort, eller er du samd i at det faktisk er ein leik å laga omelett?

1 thoughts on “Oppskrift: Omelett, rett og slett

Kva seier du?