Del 3: Menneske mot naturen

FullSizeRender (6)

I dag hadde eg eigentleg tenkt å skriva om neste middel i kampen mot sniglane. Det blir det ikkje noko av. Grunnen? Eg vurderer å kapitulera.

Etter seks års kamp, har eg nok ein gong kome til det punktet der eg vurderer å gje opp heile kampen. Mot sniglane, altså. Det er berre så uendeleg mange av dei, og uansett kor mange eg tar livet av, er det endå fleire der neste dag.

Denne veka toppa det seg, då eg såg kva dei hadde gjort i kjøkenhagen.

Tidlegare i vår har eg hatt eit par daglege rundar, der eg har tatt livet av alle sniglane eg fann. Kombinert med kaffigrut i karmane, og ein ny, sjølvgåande plenklippar (meir om den ein anna dag), var det akkurat nok til at mesteparten av avlinga overlevde frå dag til dag.

Men så svikta eg. Med ei veke på litteraturfestival, ei helg i Hardanger og nokre dagar i Oslo, har sniglane fått fri bane fram til godsakene. Det har dei verkeleg visst å utnytta. Då eg kom heim fredag, var det knapt ei spire igjen i pallekarmane. Til og med lauken er vekke.

På toppen av det heile ser det ut til at dei godt etablerte aspargesrøtene mine har tatt kvelden. No kjem det berre opp tynne skot, som ser ut som dei kjem frå sjølvsådde nyplanter.

Det einaste som framleis veks og trivst i grønsaks-/urtedelen av hagen, er urtene. Det er jo sjølvsagt kjekt, men dei kan eg finna plass til utan at eg treng 16 store pallekarmar. Dessutan har me jo framleis eit godt jordbærfelt, ei rekke bærbuskar og eit stort drivhus.

For der er eg no: Om eg ikkje kjem på andre tankar ein av dei første dagane, kjem eg til å jamna heile grønsaksfeltet med jorda.

Sniglane har vunne.

Advertisements

One thought on “Del 3: Menneske mot naturen

  1. Uff..så kjedelig!! Har du prøvd nemaslug? Trur det skal ver effektivt. Iallefall om du får med deg nabolaget i tilleg. Lykke til: )

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s