Del 1: Menneske mot naturen

FullSizeRender (33)

Dette er ei melding til alle sniglar der ute: Denne hagen er ikkje stor nok for oss begge.

Då me flytta inn i huset sommaren 2011, og bestemte oss for å gjera hagen til eit matfat, trudde eg heilt ærleg at den største utfordringa ville bli ugras.

Ikkje det ugraset me puttar i maten, men det som dukkar opp der eg ikkje vil ha det, og må lukast vekk med jamne mellomrom.

Eg tok feil.

Den største utfordringa er definitivt ikkje ugras. Det som tar aller mest krefter, og kvart år kjem tilbake for å drepa hagegleda, er sjølvsagt sniglane.

Frå tidleg på våren til seint på hausten sniglar dei seg rundt og gomlar i seg alt dei kjem over. På det verste kan dei reinska heile kjøkenhagen på ei fuktig natt.

I tillegg er det av og til så mange av dei, at det nesten ikkje går an å gå berrføtt i hagen. Det er rett og slett ei plage.

Dei siste åra har eg prøvd dei fleste teknikkar for å kvitta meg med sniglane, med varierande hell. Eg har brukt nematodar, fosfatpiller og øl. Eg har plukka og eg har klypt.

Likevel tar det aldri slutt.

Av dei tallause artiklane eg har lese om kampen mot sniglane, er det ein konklusjon eg ikkje kjem unna: Det mest effektive er om heile nabolaget går saman i eit godt koordinert angrepsforsvar.

Det blir neppe aktuelt her hos oss, så inntil vidare må eg ta kampen åleine. Eller, ikkje åleine. Me er trass alt fleire i denne hushaldninga, og eitt av våpena eg har tenkt å ta i bruk i år, er ungane. Meir om det seinare.

Men i alle fall: I år skal eg gå så systematisk til verks som eg klarer, og skal nytta alle triksa i boka.

Dersom det likevel ikkje hjelper, og sniglane framleis klarer å eta og drepa alt som veks i hagen, gjev eg opp.

Men me gjev oss ikkje utan kamp.

I følgjetongen Menneske mot naturen vil eg utover våren og sommaren testa kva som funkar og kva som ikkje funkar.

Stay tuned!

PS: Fått med deg at eg gjev ut kokebok i haust? Det kan du lesa meir om her.

6 thoughts on “Del 1: Menneske mot naturen

Kva seier du?