Sure bondepiker

Desse bondepikene er både sure og sinte. Og veldig gode.

Dei fleste kjenner godt til den tradisjonelle desserten «tilslørte bondepiker», med eple, krem og strø. Her er oppskrifta på dei tilslørte bondepikene si ublide stesøster.

For å laga sure bondepiker treng du:

  • Eit halvt kg rabarbra
  • Litt vatn
  • 3 matskeier sukker
  • 1 kanelstang
  • Ein skvett kremfløyte
  • Nokre kavringar
  • Eit dryss sukker
  • Nokre heile peparkorn
  1. Kok opp bitar av rabarbra  i litt vatn, sukker og kanelstang til rabarbraen er mør og fin. Sett kaldt.
  2. Knus kavringane og peparkorne i ein mortar, og steik på middels varme saman med eit dryss sukker til det er blitt gyllent og karamellisert. Legg strøblandinga på eit bakepapir til avkjøling, og pass på at det ikkje blir for store bitar. Om det skulle skje, kan du knusa strøet litt i mortaren igjen før servering.
  3. Pisk krem.
  4. Server desserten lagvis i gjennomsiktige glas. Det blir finast sånn.

1 thoughts on “Sure bondepiker

Kva seier du?