Endeleg spirer det på kjøkenet

Medan me ventar på resultatet av eksperimentet med tidleg direktesåing i hagen, er det kjekt å sjå at frøa me har sådd inne i alle fall er på full fart.

Ikkje minst med tanke på korleis det gjekk då me sådde tidlegare i år, er det god oppmuntring i å sjå at det kvar dag kjem nye spirer på kjøkenet no.

Så langt kan me sjå at det er noko som lever i kara der me har sådd tomatillo, squash, sitrongras, gojibær, minimelon, granateple, mais og fleire typar tomater.

Fleire av desse sortane har me aldri prøvd oss på før, så no er me godt spente på kva me har i vente – både med tanke på kor store plantene blir, og om det blir noko avling å skriva heim om.

Lurer du på kva meir me har sådd i år, finn du den fullstendige oversikta her.

PS: Fått med deg at eg gjev ut kokebok i haust? Det kan du lesa meir om her.

Kva seier du?