Ein studie av såtemperatur i hagen

FullSizeRender (31)

Kor varmt må det eigentleg vera før det er forsvarleg å så direkte i jorda ute? Det har eg tenkt å finna ut av i år.

Som du kanskje har fått med deg, hadde eg alt i midten av april direktesådd ørten sortar urter og grønsaker i hagen. Som vanleg klarte eg ikkje å venta lenger, då me endeleg fekk eit par fine vårdagar.

Men var det eigentleg så lurt, då?

Sjølv om det er vårleg og fint i vêret i dag, var det så seint som i går både snø og hagl i hagen. Me bur trass alt på Vestlandet.

Det avgjerande spørsmålet i denne samanhengen, er kor mykje kulde frøa eigentleg kan overleva. Der er me langt utanfor mitt kompetansefelt.

Ei som derimot kan mykje om den slags, er Anne Tafjord-Kirkebø, som mellom anna er fast hageekspert for NRK Hordaland. For eit par dagar sidan fekk eg ein epost frå henne, der ho skreiv at ho hadde sett at eg alt har sådd, og lurte på om det ikkje var for tidleg:

Jordtemperaturen her er bare ca 6 gr og det er vel i kaldeste laget? Eller har du andre erfaringer?

Eg svara som sant er, at eg aldri hugsar frå eitt år til det neste kva tid eg har sådd, og korleis det har gått, og spurde i same slengen om kva tid ho meiner det er forsvarleg å så ute.

Med tanke på dei ekstremt skiftande temperaturane no i april, var ikkje svaret direkte oppløftande. Kort oppsummert bør det vera minst 12 grader i kaldbenk før du sår, medan varmekjære grønsaker vil ha 13 grader i jorda før dei kan såast.

Så varmt er det i alle fall ikkje hos meg no. Det er jo knapt plussgrader i lufta.

Det betyr ikkje at eg har tenkt å gje opp. Tvert om skal eg dagleg følgja med i kjøkenhagen, for å sjå etter livsteikn frå alle frøa eg har sådd. Kanskje vil nokon av dei likevel spira og veksa seg til utover våren?

Den som lever får sjå. Eller i alle fall den som følgjer med her på bloggen. Korleis dette går, blir sjølvsagt dokumentert grundig her framover.

Som dei seier: Wish me luck!

PS: Fått med deg at eg gjev ut kokebok i haust? Det kan du lesa meir om her.

Kva seier du?