På årets første hageforedrag kom det så mykje folk at arrangørane måtte trilla inn ekstra stolar.
Dei siste fem åra har eg med ujamne mellomrom reist rundt for å snakka om matauk. Foredraget, eller kåseriet som eg helst likar å kalla det, tar utgangspunkt i prosessen som starta då me flytta inn i hus med stor hage sommaren 2011, og korleis me gjorde hagen til eit matfat.
Tysdag denne veka var det tid for årets første foredrag, for Fana hagelag i Bergen. Det blei ei svært triveleg stund, og det var imponerande mange som valde å bruka ettermiddagen til å høyra om ugras og blomar i kjøkenhagen, på ein av dei finaste vårdagane til no i år.
I samband med at eg i år gjev ut mi første kokebok, kjem eg også til å intensivera foredragsaktiviteten. Har du eller hagelaget ditt eller biblioteket eller vennegjengen eller eigentleg kven som helst lyst på besøk, er det berre å senda ein epost til totlanders@gmail.com.
På desse sidene finn du informasjon om dei ulike opplegga eg tilbyr.